Gjennom improvisasjon og historieforteljing formidlar dei musikken dei har spelt sidan barndommen, og knytar saman det tradisjonstru og lokale med vilje til nyskaping og eit vidsyn som strekk seg over både tidsepokar og musikalske grenser.
Saman gav dei ut plata Pusinshi Ulla i 2016, til strålande kritikkar. Plata vann folkelarmprisen for open klasse i 2017, og når dei no skal sleppe plate nummer to er det all grunn til å glede seg til det.
Brørne er svært aktive musikarar både saman og kvar for seg. Dei har begge studert på NMH, og ein eller begge er å finne i prosjekt som Vassvik, Reolô, Avant Folk og Morgonrode.
Rasmus Kjorstad – fele, langeleik, vokal
Hans Kjorstad – fele, harmonium, fløyte, vokal
Krydderkonsertene er en konsertserie som arrangeres av Gjøvik spelmannslag i samarbeid med Mjøsmuseet. Konsertsted er Tingbygningen på Hunn, og det selges alltid krydderkake på konserten. :-)
For mer info, følg Gjøvik spelmannslag på Facebook